Apr
29

Separatutstilling Volda Kunstlag 17 mai

posted on April 29th 2010 in Nyheter with 0 Comments

980x600_Five-Feet-P257

Sylvi Aambø har separatutstilling 17-30 mai i Volda Kunstlag sine lokale.

Utstillinga heiter “Fargar og Fantasi” og er ein hyllest til våre mødre. Utstillinga er dedikert til Signe Simonsen, Sylvi Aambø’s farmor som i si tid var den som satte igang Sylvi sine kunstnariske idear.

Når ein er liten drømmer ein og har fantasiar og forestillingar om det vaksne livet. Alt ein drøymer, ser, leser, høyrer og omgir seg med vil ein dag bli ein større eller mindre del av vår realitet.

I draumane og fantasiane har vi ingen begrensningar, eit barns tankar minner ofte oss vaksne på dette. Gjennom livet blir ofte fleire og fleire av våre draumar avgrensa eller delvis til ein annan realitet enn det bildet vi hadde av verden som små.

For Sylvi er kunsten ein konstant påminning om kreativiteten, tankane og draumane en hadde som liten og sidan som vaksen. Mine bilete handlar ofte om kvinner, jorda, dyr og kjærleiken til livet og kvarandre. Som barn kjenner ein ikkje begrensningane ved verdens mange utfordringar som ein så gjerne vil ha løyst. Som vaksen brukar eg kunsten for å minne publikum på dette.

Ved påminning gjennom generasjonar om at jorda som vi i dag forvaltar må tas vare på, kan vi forandre nokre av dei skadane som industrialiseringa har påført vår jord. Våre barns arv og oppfatning om at vi kan forandre verden må vises gjennom handling, bilder og ord.

Utstillinga består hovudsaklig av 25 store bilete i akrylmaling, collage og grafikk.

På opninga 17 mai vert det opplesing av dikt, talar samt litt å bite i.

Åpningstider:17, 22, 23, 29 & 30 mai(12-16:00) Adresse Volda Kunstlag: Doktervegen 1

Velkommen!

We would love to hear your comments